Styrketrening

Gjer styrketreninga kjekk og variert - det har mange fordelar! Med auka styrke fungerar du betre i kvardagen. I tillegg vil sterke musklar hjelpe til med å halde deg frisk og skadefri. 

 

Styrketrening gir også energi og får deg til å føle deg betre. Musklar, bein, hjarte- og lungefunksjonar vert også betra. 

 

Kroppsvekt øvingar legg til rette for at du kan trene utan vekter, fordi du brukar eigen kropp som motstand. Slike øvingar er funksjonelle, enkle og trygge - særleg for nybyrjarar. 

 

I vår utandørs gym kan du styrke alle dei store muskel-gruppene. Armhevingar, sit-ups, pull-ups, rygghev, squats er eksempel på enkle og effektive øvingar som har god effekt på styrken. 

 

 

strengthtraining1_motorikparklaerdal.jpgstrengthtraining2_motorikparklaerdal.jpgstrengthtraining3_motorikparklaerdal.jpg