Variert gange

Gange i varierte underlag utfordrar koordinasjonsevna

Leik og tren opp koordinasjonsevna hjå oss!

For å betre koordinasjonsevna trengs det stadig nye utfordringar. Dessverre er kvardagen for dei fleste av oss for lite kroppsleg stimulerande og bevegelsane vi gjer for einsidige for at koordinasjonsevna blir utfordra tilstrekkeleg.

 

Ved å balansere på ulike måtar utfordrar du sanseapparatet, rytmefølelse, reaksjonsevna, romorientering, auge- hand og auge- fot koordinasjon.

 

Uvande bevegelsar i varierte underlag med ulike størrelsar av understøtteflate- å stå, gå, springe eller hoppe der ein lander med eitt eller to bein, samt å koordinere samspelet med fleire kroppsdelar samstundes, gjev uendelege mulegheiter i å utfordre koordinasjonen og å variere øvelsane på. Du kan gå baklengs og variere korleis du set ned beina, berre fantasien set grenser! Vi hjelper deg med kreativiteten med bl.a. tilbod om personleg instruksjon!

 


 

© Motorikpark™ Lærdal