Utflukter

Ferie, sport og rekreaksjon

 

Vi tilbyr komplette opplevingar, som t.d. sykkelferie- og vandreferiepakkar på 3 dagar. Bilde17Les meir her: Opplevingspakker

 

Med å bu i Lærdal har du det beste utgangspunktet til å oppleve heile Sognefjordregionen og Jotunheimen, i tillegg til Hemsedal og Fillefjell. Vi har sett opp nokre Rundturforslag du kan ta i løpet av opphaldet ditt i Lærdal. Spør oss om fleire! Forutan flotte naturopplevingar, kan du besøkje og oppleve fleire attraksjonar på rundturane.

 

Aktiv ferie

Lærdal Ferie- og Fritidspark er ein ideell lokasjon for ein aktiv ferie, konkurransar og treningsleirar! Sidan dalen er flat i botnen, og har vegar som leiar opp i fjella, gir det moglegheiter for både fartsleik og klatretrening for både sykling, løping og ski. Her blir det også arrangert motbakkeløp, Storehaugen Opp, på ein av dei finaste turvegane me har i området. Lærdal og området rundt tilbyr eit eldorado av turmoglegheiter, og mange av desse kan ein nå med ein liten gåtur frå ferieparken. Med fjorden rett utanfor, har ein også moglegheiten til fisking, eller rett og slett berre nytte stillheita ved fjorden. Lærdal og regionen rundt tilbyr naturskjønne turvegar med fleire ulike vanskelegheitsgrader (flate, middels og flate). Les mer om Sport og aktivferie

 

Kultur og natur

Lærdal Ferie- og Fritidspark har ei perfekt lokalisering for kulturferie eller temareise for di bedrift eller kick-off samling. Vi har topp kulissar for maling, teikning, fotografering eller faunainteresser. Du finn eit stort antall natur- og kulturattraksjonar både i Lærdal og i området rundt som t.d. Sognefjorden, Jostedalsbreen, Vettisfossen, Gamle Lærdalsøyri, Flåmsbana, Borgund Stavkyrkje, historiske vegar som Kongevegen over Fillefjell og "Snøvegen" over Aurlandsfjellet. Eit stort mangfald av museum og visningssenter som Flåmsbanemuseet, Norsk Bremuseum, Otternes bygdetun og Gamle Lærdalsøyri. Les mer om Kultur og naturferie

 

Vinter

Vinter i Lærdal og Sognefjordregionen.  Aktiv vinterferie som isklatring, vandring, ski, alpint, og skøyter.

© Motorikpark™ Lærdal