Treningsleir

Lærdalsområdet er godt tilrettelagt for treningsleirar

treningsleirBu og tren på same plass! Basistrening i Motorikkparken!

Lærdal Ferie- og Fritidspark har vore vertar for både treningsleirar og arrangement i samband med sykling, løping, triathlon, fotball og handball. Med vår nye Motorikkpark, kan du trene morosam basistrening rett utanfor rommet og nytte Lærdalsdalen elles til all slags idrett. Vi har terreng for fartstrening og klatretrening for sykkel og løping. Fleire mindre traffikkerte vegar for t.d. rulleskøyter og rulleski. Padling i Sognefjorden rett utanfor Motorikkparken. Eit titalls godt merkte turvegar i fjellet rundt oss med startpunkt i like ved Motorikkparken!

 

Bl.a. fleire av verdas kjende syklistar som George Hincapie, Tor Hushovd, Glenn Magnusson, Jan Boven, Lieuwe Weestra har vore på besøk under Norsk Syklefestival og/eller på treningsleir. I tillegg bl.a. Jorrit Bergsma, ein av dei beste nederlandske skøyteløparane for tida, Olympiameister på 10.000 meter i Sotsji.

 

Treningsleir for deler av Triathlonlandslaget og sprintkonkurranse i triathlon har vi vore med og arrangert.

 

Me tilbyr gjerne hjelp med organisering, og bidreg som sponsor, om du ynskjer å gjennomføre ein treningsleir. Spør oss om forslag! 

 

© Motorikpark™ Lærdal