Klatre

Klatring for alle nivå!

 

På Motorikkparken kan du klatre, skli, snurre, henge og balansere.

 

Dei mange klatreveggene og klatrestativa utfordrar koordinasjonen, kondisjonen og styrken, medan du har det moro! 

 

Klatrefelt Hedler

Like ved Motorikkparken, ca 500 meter fottur til Hedler, har vi utvikla eit klatrefelt med 6 ruter for nybyrjar og middels nivå. På forespørsel kan vi skaffa instruktør.
Last ned pdf. for informasjon om Hedler klatrefelt: Fjordfeltet i Lærdal

 

Isklatring

Lærdal er kjend som ein av dei beste isklatrar-destinasjonane i verda. Grunnen til dette er det tørre klima og ofte kalde periodar i januar-februar utan nedbør. Dette gjev stabile tilhøve for isveksten i dei mange fossefalla vi har rundt oss i Lærdalsdalen.
Last ned pdf. for beskrivelsar om isklatre-ruter: Ice climbing guide

 

© Motorikpark™ Lærdal